Vi ønskjer dyktige lærarar som jobbar for barnets utvikling og er fagleg engasjerte

  • Deltid
  • , NORGE
  • Publisert: 10 timer siden
  • 26. april 2025

Kviteseid skule

Ved Kviteseid skule er følgjande stilling ledig:
Lærar inntil 200 % med atterhald om permisjonar m.m.
Kan vere fast og/eller vikariat frå 01.08.25 og gjeld skuleåret 2025-2026.
Utlysinga gjeld også for stillingar som måtte bli ledige fram til skulestart.

Hva vi ser etter

  • Godkjent pedagogisk utdanning

  • Variert undervisningserfaring

  • Gjerne utdanning og praksis som lærar i småskulen

  • Gjerne formell utdanning innanfor spesialpedagogikk

  • Varm og tydeleg klasseleiar som ser alle elevar

  • Fokus på kvalitet og høgt læringsutbytte hos elevane

  • God relasjonskompetanse

  • Kan bidra blant personalet med faglege innspel og ha positiv innstilling i arbeidet

  • Bevisst på eigne haldningar og verdiar

  • God fagleg og didaktisk kompetanse

  • Løysingsorientert og gode samarbeidsevner

  • Omstillingsdyktig og motivert for fagleg utvikling

Arbeidsoppgaver

  • Undervise i høve til LK20

  • Gje god tilrettelagt undervisning til elevar på ulike faglege nivå

  • Ha ein inkluderande praksis for å få med alle elevar i fellesskapet i klassa både fagleg og sosialt

  • Samarbeide med elevar, kollegaer, føresette og andre instansar for å gje eit best mogleg tilbod til alle elevar

  • Ta aktivt del i skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap

  • Bidra til eit godt læringsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit fagleg miljø med fokus på elevar

  • Moglegheit til å bidra i skulen utviklingsarbeid

  • Gode arbeidsvilkår

  • Rettleiing av nyutdanna og nytilsette

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted