Forsvarsbygg
I samband med årets ferieavvikling er vi på jakt etter 2 sommarvikarar til Ramsund orlogsstasjon, som skal jobbe med dagleg reinhald i veke 29-31.
Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i den oppgitte perioden. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Det vil bli gitt grundig opplæring før oppstart.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Dagleg/regelmessig reinhald av bygg
- Utvask av bustad og kvarter
- Utføre reinhaldsarbeid etter oppsette arbeidsplanar
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er løysingsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig.
Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og like varierte utfordringar.
Vidare er du omgjengeleg og nøyaktig, og har gode samarbeidsevner. Du må også kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Du må vere over 16 år eller fylle 16 år i løpet av 2025
- Du må ha allmenn god helse og fysikk
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Du må autoriserast før oppstart
- Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinhald
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller reinhaldsbetjent (kode 1138/1129), frå kr. 282 700,- – 404 900,- i brutto årleg lønn.
Kontaktinformasjon
Unni Zimmermann, Reinhaldsleder, 950 68 643
Arbeidsstad
9442 Ramsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Forsvarsbygg eiendomsforvaltning Renhold
Referansenr.: 4949340177
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 28.04.2025