Rådgivar – datahandtering i kliniske studiar

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 26. april 2025

Forskings- og utviklingsavdelinga/ Forsking og innovasjon, Helse Bergen HF

Vil du bli ein nøkkelspelar innan datahandtering og kliniske studiar? 

Vi søker etter dyktige personar til stillinga som rådgivar innan kliniske studiar. Kliniske studiar er eit satsingsområde ved sjukehusa i Helse Vest, og det er auka behov for forskingsstøtte til fagmiljøa. Stillinga vil vere ein del av eit tverrfagleg team som tilbyr heilskapleg forskingsstøtte. Vi ser etter personar med høg arbeidskapasitet, nøyaktigheit og fleksibilitet som kan handtere varierte og utfordrande oppgåver. Som klinisk datahandterar (Clinical Data Manager) vil du ha ei sentral rolle som rådgivar for forskarane i kliniske studiar. 

Stillinga er tilknytt eininga Forsking og Innovasjon (FOI) i Forskings- og utviklingsavdelinga. FOI tilbyr støtte- og rettleiingstenester innan forsking for alle sjukehusa i Helse Vest, og innovasjonstenester for Haukeland universitetssjukehus. Eininga har om lag 65 medarbeidarar med høg kompetanse innan ulike fagfelt som medisin, helsefag, kommunikasjon, jus, økonomi og forvaltning. FOI har blant anna ansvar for Regionalt kompetansemiljø for klinisk forsking, som legg til rette for tildeling av regionale forskingsmidlar og regionalt samarbeid om forsking. Vi har òg ansvar for utvikling og forvaltning av nasjonale forskingsadministrative system. 

FOI tilbyr regional forskingsstøtte til kliniske studiar og ønsker no å styrke arbeidet med datahandtering i kliniske studiar. Vi ser etter ein medarbeidar med særskild interesse og kompetanse til å yte rådgiving til forskarar, forskargrupper og forskingsprosjekt. Som datahandterar vil du rapportere fagleg til fagleiar, og elles til forskingssjefen ved sjukehuset. 

Arbeidsoppgåver

  • Oppsett og kvalitetssikring i eit elektronisk datainnsamlingssystem (vi nyttar p.t. VieDoc) for kliniske studiar i samarbeid med forskarar
  • Utarbeide datahandteringsplanar og utføre datahandteringsaktivitetar knytt til kliniske studiar, scripting/programmering for databehandling
  • Gi råd og rettleie kliniske utprøvarar og forskargrupper i tråd med gjeldande nasjonalt og internasjonalt regelverk, til dømes Good Clinical Practice og ICH-GCP 
  • Delta i fagmiljø, nettverk og konferansar og halde faglege innlegg for opplærings- og formidlingsføremål. Noko reising vil bli nødvendig i samband med slike aktivitetar
  • Ved behov kunne utføre andre oppgåver som ligg til Forsking og innovasjon 

Kvalifikasjonar

  • Formell utdanning på mastergradsnivå (helsefag, statistikk, informatikk, informasjonsvitskap eller andre relevante fag)
  • Dersom ikkje oppnådd mastergrad, kan erfaring frå relevant arbeid kompensere for dette kravet  
  • Erfaring med eller interesse for programmering (Stata, SPSS, JavaScript, og/eller R ) 
  • Erfaring med eller interesse for klinisk datahandtering/databaseoppsett 
  • Erfaring med eller interesse for klinisk forsking og prosjektarbeid  
  • Kjennskap til helsetenesta og/eller helsedata er ønskeleg  
  • Særs gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk 
  • Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på engelsk er ønskeleg  

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vektlagt. 

  • Serviceinnstilt og lett å samarbeide med, også i team på tvers av fag 
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst med høg arbeidskapasitet og evne til å prioritere og gjennomføre oppgåvene 
  • Systematisk og nøyaktig 
  • Evne og vilje til å sette deg inn i nye verktøy og metodar
  • Positiv haldning til å tileigne og dele kunnskap 

Vi tilbyr

  • Ei stilling med utfordrande og meiningsfylte oppgåver    
  • Kompetente og engasjerte kollegaer i eit tverrfagleg og godt fagmiljø    
  • Stor moglegheit for fagleg utvikling    
  • Fleksibel arbeidstid   
  • Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar  

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anne Mathilde Henden Kvamme, Fagleiar, 90655238, anne.mathilde.henden.kvamme@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Jonas Lies vei 68
5053 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4949724138
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted