Kulturskolelærar – 60 % fast stilling

  • Deltid
  • ÅLESUND, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 24. april 2025

Ålesund kulturskole, Kommunalområde Samfunn

Ålesund kulturskole har ledig ei fast 60 % stilling som kulturskolelærar frå 1. august 2025. Undervisningsoppgåvene vil i all hovudsak vere lokalisert til Harøya og nordøyane (Haram) med m.a. undervisning på piano.

Arbeidsoppgåver

  • Vi søker etter ein musikklærar som kan ivareta den pianoundervisninga kulturskolen allereie har "på øyane", men som fortrinnsvis også kan undervise i eit eller fleire andre instrument. Det er eit sterkt ønske om t.d. band- og songundervisning. Det vil vere undervisning både individuelt og i gruppe. Det kan også vere aktuelt med akkompagnementsoppgåver og undervisning i skole.
  • Delar av undervisninga er desentralisert, slik at den tilsette må ha førarkort (klasse B).

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig høgskoleutdanning i musikk og tilfredsstillande pedagogisk kompetanse, med tilstrekkeleg kompetanse til å undervise bl.a. i piano.
  • Det er primært ønskeleg med utdanning/erfaring innafor rytmisk musikk/jazz, men andre sjangarar vil også kunne bli vurdert. Også erfaring frå undervisning i kulturskole/skole vil bli vektlagt.
  • Det er krav om politiattest, jf. OPL § 17-11.
  • Undervisninga skjer på norsk.

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker oss engasjerte, initiativrike, samarbeidsvillige og sjølvstendige tilsette ved Ålesund kulturskole. Vi søker ein lærar som kan bygge miljø og utvikle kulturskolen i lag med kollegaene sine, og som kan bidra til å utvide breidda og styrke tilbodet vårt på nordøyane. 
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å skape engasjement om (nye) aktiviteter er avgjerande viktig.
  • Samarbeid og oppslutning om kommunen sine verdiar, open – engasjert – modig, er viktig for oss.

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, eit godt arbeidsmiljø og stor fleksibilitet i å utvikle faget og eigen arbeidskvardag.
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar og avtaleverk.
  • Undervisningsstillingar i kulturskolen er plassert i kap. 4 B i HTA etter kompetanse og ansiennitet. 

Kontaktinformasjon

Gro Dalen, Verksemdsleiar, +47 70 16 34 82, gro.dalen@alesund.kommune.no
Miki Campins, Avdelingsleiar, +47 975 60 984, miguel.angel.camacho.campins@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Larsgårdsvegen 6
6009 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn

Referansenr.: 4927817620
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 25.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted