Fysioterapi – driftstilskot

Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune

Ledig driftsavtale ved Brattvåg Fysikalske Institutt AS

Ein av fysioterapeutane ved Brattvåg Fysikalske Institutt AS skal gå av med pensjon, og vi har difor ledig ein 100% driftsavtale snarast. Driftsavtalen skal utøvast i Brattvåg Fysikalske AS sine lokale  Vi søkjer etter fysioterapeut med allmenn kompetanse og erfaring frå privat praksis. I tillegg er det ønskeleg med ultralyddiagnostikk kompetanse. 
 
Brattvåg Fysikalske AS har 3 driftsavtaler på 100% kvar. Instituttet har kontormedarbeidar i 87% stilling og ein fysioterapeut som arbeider heilprivat i 50% stilling. 
Instituttet driv frå eigne lokale i Brattvåg og leiger lokale på Haramsøy. Avdelinga på Haramsøy er åpen 2-3 dager i veka og tiltredande fysioterapeut går inn i turnusordninga ein nytter for å dekke opp tilbodet. Instituttet har god pasient tilgang, separate behandlingsrom, resepsjon og godt utstyrte treningsrom. 
 
Alle tre fysioterapeutane med driftsavtale har 1/3 eigarandel i AS'et og likt ansvar for drifta av Brattvåg Fysikalske AS. 
Fråtredande fysioterapeut vil nytte retten sin til å overdra fysioterapiverksemda si i henhold til ASA 4313 punkt 7.1.
Tiltredande fysioterapeut vil bli tilbydd fråtredande sin 1/3 eigerandel i selskapet/instituttet, og må rekne med ein kostnad i denne samanheng. Det vil også bli krevd oppgjer for goodwill (verdien av opparbeidd praksis). 
Tiltredande fysioterapeut forplikter seg til å drive verksemda si i henhold til ei kvar tid gjeldande ASA 4313. Tiltreding og overdragelse vil skje iht ASA 4313.
 
Det vert forventa at aktuelle kandidatar har sett seg inn i dei driftsmessige forholda ved instituttet før ein takker ja til ledig driftsavtale. Detaljerte opplysninger kan ein få ved å henvende seg til fråtredande fysioterapeut ved Brattvåg Fysikalske AS. 

Arbeidsoppgåver

  • Behandlingsformene skal være forankra i kunnskapsbasert praksis
  • Behandling foregår individuelt og i gruppe
  • Deltaking i heimebehandling
  • Deltaking i ansvarsgruppemøter ved behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk offentleg godkjend fysioterapeut
  • God kunnskap i norsk språk, skriftleg og muntleg
  • Relevant erfaring
  • Evne til å prioritere ut i frå kommunens prioriteringsnøkkel
  • Kunnskap om styrketrening og tilpasning til riktig nivå, herunder kjennskap til ulike redskaper og hjelpemidler for å oppnå ønsket resultat
  • Har fokus på ein aktiv og heilskapleg tilnærming til pasientar
  • Faglig oppdatert på relevant kunnskap, gjerne innan aktiv rehabilitering
  • Førarkort klasse B og må disponere bil

Fysioterapeuten skal drifte sin praksis i henhold til relevant helselovgivning, og den til enhver tid gjeldende ASA 4313.

Tildeling av avtalehjemmelen vil skje på de vilkårene som fremgår av ASA 4313. Tilfredsstillende politiattest, egenerklæring tuberkulose og taushetserklæring må leveres før oppstart, i henhold til gjeldende regelverk.

Personlege eigenskapar

  • Påliteleg
  • Samarbeidsvillig
  • Strukturert og systematisk
  • Løysningsorientert
  • Motivasjons- og formidlingsevne
  • Sjølvstendig
  • Evne til å skape gode relasjonar

Vi tilbyr

  • Godt fagmiljø
  • Egna lokaler med erfarne terapeutar og kontorressurs på instituttet
  • Fin beliggenhet, sentralt i Brattvåg
  • Positivt og sosialt miljø

Kontaktinformasjon

Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef, 92243788, frode.boe.hatlelid@haram.kommune.no
Elly Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, elly.christine.volsdal.slettvoll@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 26
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4897442428
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 27.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted