ID 976 – Lærling frå haust 2025 i Fitjar kommune

  • Heltid
  • , NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • 31. juli 2025

Fitjar kommune søkjer etter lærlingar for oppstart hausten 2025

Me søker etter lærling innan faget:

  • IT-driftsfaget (ITD3001)

Fitjar kommune er ein triveleg arbeidsplass som byr på varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter til både fagleg og personleg utvikling.

Me ser etter deg som:

  • Er motivert og interessert i faget og vil bidra med eigeninnsats og engasjement.

  • Viser omsyn og respekt.

  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

  • Kan kommunisere med menneske med ulik bakgrunn og i ulike situasjonar.

  • Viser forståing for andre.

  • Viser ansvar og er påliteleg.

  • Fullført eller gå på Vg2

Me kan tilby:

  • Løn etter tariff.

  • Godt arbeidsmiljø.

  • Gode læresituasjonar.

Som lærling vil du få god opplæring i eit profesjonelt miljø, men det krev også pålitelegheit, eigeninnsats og engasjement for å lykkast og utvikle deg i faget.

Vi ser etter deg som er nysgjerrig, engasjert og klar for å ta ansvar for eigen læring og utvikling. Tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk for lærlingar i kommunal verksemd. Attestar og vitnemål tas med til eit eventuelt intervju.

Er du interessert i teknologi og ønskjer å utvikle dine ferdigheiter i eit spennande og dynamisk miljø? Vi tilbyr ei unik moglegheit til å lære og vekse i vår IKT-avdeling.

Som lærling innan IT-drift, support og datatryggleik, kan me tilby deg ein spennande og lærerik kvardag med mange moglegheiter for fagleg utvikling. Du vil få opplæring i eit profesjonelt og fagleg miljø med grundig opplæring i drift og vedlikehald av IT-system, brukarstøtte og digitalisering av kommunale tenester. Me legg også stor vekt på datatryggleik og korleis du kan bidra til å oppretthalde sikre IT-tenester.

For spørsmål kontakt IKT-leiar Stian Torland, tlf 40404161, stor@fitjar.kommune.no

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted