Badevert Aukra symjebasseng – fast stilling og vikarar

  • Deltid
  • AUKRA, NORGE
  • 26. februar 2026

Aukra kommune Kultur

Søk jobb hos oss og bli ein del av eit triveleg kollegium i Aukra kulturhus. Aukra symjebasseng har ledige stillingar:

– Fast stilling inntil 60%
– vikarar

Symjebassenget har ope alle vekedagar og er godt besøkt av folk i alle aldrar. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, glad i menneskjer og er ansvarsbevisst.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Sørge for at våre gjester til ein kvar tid opplever anlegget som trygt, reint og triveleg
  • Sikkerheit i symjehallen, garderobar og fellesområde
  • Om nødvendig utføre livredning og førstehjelp
  • Utføre reinhald og vedlikehald
  • Sal av billettar

 

Krav til søkjar:

  • Gode symjeferdigheiter
  • Gjennomført livredningskurs er ønskeleg. Om ikkje får du gjennomført kurs før oppstart.
  • Grunnleggande datakunnskapar
  • Søkjar må ha fylt 18 år.

 

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"

 

Søknadsfrist: 27. februar 2026

Tiltreding: Etter avtale

Kontaktperson: Anne Jorunn Sandøy tlf. 95907055

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted