Trondheim fengsel
Om stillinga
Trondheim fengsel og forvaringsanstalt har ledig ei 100 % stilling som miljøterapeut eller fengselsbetjent i vårt tverrfaglege aktivitetsteam.
Teamet består av seks medarbeidarar som har som hovudoppgåve å følgje opp innsatte som er, eller står i fare for å bli, isolerte. Målgruppa omfattar alle kategoriar innanfor straffegjennomføring.
Føremålet med aktivitetsteamet er å skape ein meir meiningsfull kvardag gjennom aktivitetar og fellesskap som kan motverke isolasjon og dei skadeverknadene isolasjon kan gi. Tiltaka blir tilpassa individuelt eller i grupper, ut frå behova den enkelte innsatte har.
Arbeidstida er turnus utan natt, og du vil samarbeide tett med andre faggrupper både i og utanfor kriminalomsorga.
Arbeidsoppgåver
Som miljøterapeut eller fengselsbetjent i aktivitetsteamet vil du ha eit variert arbeid med innsatte, der hovudmålet er å førebygge isolasjon. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
- Dagleg aktivisering av isolerte innsatte
- Oppfølging og aktivisering av sårbare innsatte som står i fare for å bli isolerte
- Planleggje og tilpasse aktivitetar etter interesser og behov hos den enkelte innsatte
- Drive metodisk miljøarbeid med oppfølging individuelt og i grupper, i tett samarbeid med andre faggrupper
- Vere til stades og delta i daglege aktivitetar for å motivere, observere og leggje til rette for meistring, vekst og endring
- Dokumentasjonsarbeid, inkludert journalføring og utarbeiding av planar
- Bidra i teamet sitt faglege utviklingsarbeid
- Delta i små og store fellesarrangement
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
For å vere kvalifisert til stillinga må du ha anten:
- Bestått fengselsbetjentutdanning frå Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter (KRUS)
eller - Sosialfagleg høgskule- eller universitetsutdanning, eller anna relevant utdanning på bachelornivå
I tillegg må du ha:
- God fagleg forståing for kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag og verkemiddel
- Interesse og engasjement for fagområdet isolasjon, og evne til nytenking
- Innsikt og interesse for innsatte som ønskjer endring av livsførsel
- Gode ferdigheiter i bruk av IKT-system og digitale verktøy
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har:
- Fengselsbetjentutdanning eller erfaring frå kriminalomsorga
- Erfaring innan miljøarbeid og/eller psykisk helse
-
Utdanning, erfaring eller særleg interesse innan idrett, kunst, kultur, musikk eller visuelle uttrykk (t.d. måling og teikning)
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å bygge relasjonar og skape tillit
- Kreativitet og evne til å finne rett tilnærming og aktivitet for den enkelte innsatte, i samarbeid med kollegaer og samarbeidspartnarar
- Evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
- Evne til sikkerheitstenking og grensesetjing
- Forståing for å trygge og motivere menneske i vanskelege situasjonar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta med målgruppa
- Fleksibilitet, ansvarskjensle og gode sosiale eigenskapar
- Samarbeidsevne, vilje og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar i tråd med etaten sine verdiar: openheit, tryggleik og nytenking
Vi tilbyr
- Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- Opplæring og jamleg rettleiing
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse
- Tilgang til bedriftshelseteneste, treningsrom, bedriftsidrettslag, kantine og parkering
Lønsvilkår:
- Stilling som miljøterapeut blir løna etter lønnsspenn1201, frå kr 525 000 til kr 670 000 brutto per.år, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar
- Stilling som fengselsbetjent blir løna etter lønnsspenn 0264, frå kr 500 000 – 630 000 brutto pr. år , avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar
Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei endå betre oppgåveløysing.
Vi arbeider for å realisere regjeringa si inkluderingsdugnad, der målet er at 5 % av nytilsetjingane i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i éin av desse kategoriane, kan du krysse av for dette i jobbsøkarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Vi ber om at relevante vedlegg blir lasta opp i Jobbnorge saman med søknaden, til dømes førarkort og vitnemål. Vi gjer merksam på at det ikkje må vere noko å utsetje på vandel hos den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om å bli unnateken frå den offentlege søkjarlista. Dersom ønsket om unntak ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla og få høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte for arbeidsområdet.
Kontaktinformasjon:
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Grethe Wolan, tlf. 915 73 584, e-post: Grethe.Wolan@kriminalomsorg.no.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på tlf. 75 54 22 20.