Klar for ein sommar der du utviklar deg – omgitt av fjord og fjell?

  • Heltid
  • VALEN, NORGE
  • 14. februar 2026

Valen sjukehus og Folgefonn DPS

Kombiner jobb med vakker natur 🌄

Nokre somrar blir sitjande litt ekstra i kroppen. For Sara som har vore sommarvikar hos oss to år på rad, er det akkurat sånn.

Ho fortel om dagar der alt skjer på ein gong, der ho fekk følgje med, hive seg rundt, spørje og lære – men også om kor trygt det kjennest når kollegaane rundt henne forklarer, viser og dreg henne med i det som skjer. «Du står aldri berre på sidelinja», seier Sara , «du merkar at du trengst».

Hos oss får vere ein del av kvardagen til pasientar og pårørande, og du jobbar tett saman med andre faggrupper som tek deg inn i gjengen, gir deg trygg opplæring og er lette å spørje.

👉 Søk sommarjobb hos oss – og bli med der det skjer. Perioden er frå veke 26 til og med veke 33.

På sjukehuset vårt treng vi no ferievikarar på Sikkerhet- og rehabiliteringspost, Akuttpost, Sikkerhetspost, Psykosepost, Felles Anretning og Døgnpost Folgefonn DPS. 

Dersom du har ønske om en spesiell avdeling, skriv gjerne dette i søknaden. For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje til Sikkerhetsposten.

    Kva går jobben ut på?

    Du får mellom anna:

    • Miljøarbeid – legge tilrette for eit miljø prega av tryggleik, forutsigbarhet, anerkjenning og respekt som kan bidra til at pasientane kan kjenne betring.
    • Tverrfaglig samarbeid – arbeide saman med andre faggrupper på posten.

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    • Sjukepleiar, helsefagarbeider, assistent, student (innan helse, sjukepleie eller medisin).
    • Du må vere fyllt 18 år. På Sikkerhetsposten er det krav at du er fyllt 20 år. 
    • Det er ønskeleg at du har erfaring frå pleie.
    • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. 

    Kva ser vi etter hos deg?

    Vi ser etter deg som:

    • Er glad i mennesker og ønsker å bidra til at pasientane føler seg trygge og godt ivaretatt.
    • Ser når noko må gjerast, då finn du ut av ting – anten på eiga hand eller i samarbeid med kollegaer.
    • Likar å jobbe sjølvstendig, men du er ikkje redd for å be om hjelp av kollegaene dine.
    • Trivst med å jobbe saman i team.

    Kvifor skal du velje oss?

    Hos oss får du:

    • Ein trygg start – Du får opplæringsvakter før du begynner, så du er godt førebudd.
    • Fleksibilitet – Vi finn ei stillingsstørrelse som passar for deg.
    • Gode kollegaer  Vi stiller opp for deg.
    • Variasjon i kvardagen – Du får jobbe med ulike oppgåver, ingen dagar er like.
    • God stemning på jobb – Vi har eit triveleg arbeidsmiljø.

    Tilreisande tilbys møblerte hyblar. 

    Har du spørsmål? Ta kontakt – Angelica hjelper deg gjerne med å finne ut om dette er den rette sommarjobben for deg! 😊

    Kontaktinformasjon

    Angelica Hovland, Rådgiver, 52732067

    Arbeidsstad

    Sjukehusvegen 26
    5451 Valen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5072209148
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Startdato: 22.06.2026
    Sluttdato: 16.08.2026
    Søknadsfrist: 15.02.2026

    Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


    Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

    Jobbsted