Barne- og ungdomsarbeider

  • Deltid
  • SLIDRE, NORGE
  • 14. februar 2026

Vestre Slidre skule, Vestre Slidre kommune

Skuleåret 2026/2027 har Vestre Slidre skule ledig vikariat som barne- og ungdomsarbeider.

Vestre Slidre skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med omlag 180 elevar. Skulen ligg sentralt til i tettstaden Slidre. Her har vi god plass til variert aktivitet og læring både inne og ute. Vi har eit flott uteområde med mellom anna ballbinge, BMX-park, turnstativ, grillhytte og aktivitetsparken Tarzanjungelen.
Vår visjon er "Vestre Slidre skule – ein skule for alle, med blikk for den enkelte." Våre elevar skal føle seg verdifulle og verdsette for den dei er. Elevane skal møtast med respekt, omsorg og tillit. Våre elevar skal oppleve meistring gjennom å bli møtt med krav og forventningar ut frå eigen ståstad.
Sentrale pedagogiske satsingsområder er inkluderande skulemiljø, samt skriving og rekning i fag.
Vestre Slidre skule ynskjer tilsette som bidreg til inkluderande og motiverande opplæring. Ved Vestre Slidre skule er vi opptekne av det profesjonsfaglege fellesskapet og ynskjer tilsette som saman vil vera med å utvikle skulen.

Vi har ledig 55 % vikariat som barne- og ungdomsarbeider skuleåret 2026/2027. Det kan bli meir vikariat ledig.

Arbeidsoppgåver

  • Vera saman med og veilede elevar på SFO, barne- og ungdomssteget i ulike aktivitetar og læringssituasjonar gjennom dagen.
  • Vera innstilt på å jobbe både på SFO, barnesteget og ungdomssteget. Det vil variere frå år til år kvar behovet er.
  • Gjennomføre undervisningopplegg laga av pedagog.
  • Legge til rette for at elevane er aktive og hjelpe dei med daglege gjeremål.
  • Delta i og bidra til eit inkluderende, godt og raust arbeidsmiljø.
  • Samarbeide med andre i tilsette i klasse og på steg. Motta rettleiing og bidra til eigen utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider, gjerne med kompetanse innanfor vergeteknikk.
  • Kompetanse/erfaring frå skule og arbeid med elevar som har særskilde behov.
  • Evne til å bygge gode relasjonar med barn og ungdom 
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Gyldig politiattest må framvisast før tiltreding, jf opplæringslova § 17-11

Vitnemål og attestar må følgje søknaden

Personlege eigenskapar

  • Du har humor og godt humør
  • Du likar å samarbeide med både ungdom og vaksne.
  • Du er oppteken av å jobbe for eit trygt og godt skulemiljø
  • Du er punktlig og fleksibel 

 Det at ein er personleg eigna vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ei flott elevgruppe
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode, kompetente kollegaer
  • Ei utviklingsorientert skule
  • God pensjonsordning i KLP
  • Løn etter tariff, og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

 

Kontaktinformasjon

Janne Opheim, Rektor, +47 97602202

Arbeidsstad

Slidrevegen 17
2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 5070329092
Stillingsprosent: 55%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 15.02.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted