Alver kommune
Ønskjer du å vere ringjevikar i Alver kommune?
Dersom du ynskjer å vera ringjevikar ved sjukeheimstenesta i Alver kommune har me lyst å høyra frå deg!
Som ringevikar kan me tilby vakter/arbeid ved fråvær grunna sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for mellombels arbeidskraft. Me er spesielt interssert i søkjarar med helsefagleg bakgrunn eller studentar innan helsefag men andre kan også søkje.
Tilkallingsvikarar har ikkje rett på å bli tilbudd arbeid eller plikt til å ta på seg tilbudd arbeid.
Du må i tillegg følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som er lyst ut dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid og tenestestad.
Dersom du ikkje høyrer noko etter å ha levert søknad sit me pris på om du tek kontakt med den aktuelle avdeling du kan tenkja deg å arbeida ved – det er alltid kjekt med ein hyggeleg telefonsamtale!
Aktuelle avdelingar
Velferdssenteret, Manger
Manger omsorgsbustad pluss
Ostereidet omsorgsbustad pluss
Nordgardstunet, Frekhaug
Lerketunet, Frekhaug
Solkroken, Frekhaug
Lindås bu- og servicesenter
Knarvik sjukeheim avdeling 1
Knarvik sjukeheim avdeling 2
Knarvik sjukeheim avdeling 3
Helsehuset, Knarvik
Såta bu- og servicesenter, Knarvik
Kjøkkentenesta
Kven er du?
Du trivst med å arbeide med menneskjer og har engasjement for fagfeltet. Du er trygg i deg sjølv og i møte med andre. Du jobbar godt i team. Det vert lagt avgjerande vekt på personlege eignaheit oppimot målgruppa.
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune