Støttekontakt

  • Deltid
  • SYKKYLVEN, NORGE
  • 30. desember 2026

Heimetenestene, Sykkylven kommune

Heimetenestene i Sykkylven kommune søkjer fleire støttekontakter! 
 
Våre tenestemottakarar er voksne og eldre med ulike interesse og ulike behov for sosialisering og integrering. Vi har derfor behov for støttekontakter av begge kjønn i ulike aldergruppe og med ulike interesser. Ei støttekontakt er ein brubyggar til sosial aktivitet og deltaking, der målet er å gi mennesker moglegheit til ei meiningsfull fritid.
 
Det å vere støttekontakt er eit spennande, meiningsfylt og lærerikt oppdrag, der du i stor grad kan styre og påverke di eiga arbeidstid.
 
Ønsker du å bidra – kan dette vere oppdraget for deg!

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å gi mennesker ein aktiv og meiningsfull fritid
  • Tilrettelegge og motivere for deltaking i sosial aktivitet
  • Bidra til å redusere sosial isolasjon

Kvalifikasjonar

  • Du må vere pålitelig. trygg på deg sjølv og ha interesse for å jobbe med mennesker
  • Det stillast ingen krav til formell utdanning
  • Det kan vere ein fordel med erfaring fra arbeid med mennesker
  • Som støttekontakt må du kunne holde avtalar, sette grenser og forholde deg profesjonelt til rolla di
  • Du må vere over 18 år
  • Førarkort klasse B er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du må være pålitelig, sosial og ha evne til å vise respekt overfor brukaren 

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Linda Søvik, avdelingsleiar, 91898759, linda.sovik@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4853389379
Stillingsprosent: 1%
Anna
Søknadsfrist: 31.12.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted