Ferievikar Indre Haram omsorgsdistrikt 2026, kokkemedarbeidar

Haram omsorgstenester, Haram kommune

Haram kommune søkjer etter ferievikar mellom veke 26 og 33  ved kjøkkenet på Eidet Omsorgssenter. Arbeidstid er på dagtid med arbeid kvar 3. helg.

Måltidsproduksjon har base i fint og mederne lokale på Eidet Omsorgssenter. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 minutt med bil frå Moa. Hovduoppgåva er å produsere mat til bebuarar ved Eidet Omsorgssenter. Kjøkkenet produserer etter kok-servér metoden. Det er også aktuelt med ei enkel kantinedrift for dei tilsette, samt kafe for besøkande.

Det blir gjort tilsetting fortløpande.

Vi tilbyr ei attraktiv sommarbonusordning!
Som sommervikar hos oss kan du tene ekstra dersom du jobbar meir enn seks veker i sommarturnusen (veke 26–33). For kvar ekstra veke (veke 7 og 8) får du kr 5 000. For å få bonus må du i snitt jobbe minst 80 % stilling i den avtalte perioden.

Haram kommune er opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av teneseteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av varme og kalde rettar
  • Produksjon av bakst og dessertar
  • Produksjon av spesialkost/diettar

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ein kokk eller ein person med erfaring frå matproduksjon, som kan bidra til å produsere smakfull og ernæringsmessig riktig samansette rettar til brukarane og gjestane våre.
  • Erfaring frå storhushald og kunnskap om produksjon av spesialkost og diettar er ønskjeleg men ikkje eit krav. Opplæring blir gitt.
  • Det er krav om at den som skal tilsettast beherskar norsk skriftleg og munnleg. Dette for å sikre forsvarleg yrkesutøving.

Personlege eigenskapar

  • Oppteken av god mat i eldreomsorga
  • Løysingsorientert
  • Forståing for logisitkkarbeid
  • Likar å arbeide i team
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Positiv og fleksibiel
  • Kreativ og engasjert
  • Serviceinnstilt
  • Personleg eigenskapar  vil bli lagt vekt på

Vi tilbyr

  • Godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • IA-bedrift

Kontaktinformasjon

Ingeborg Grønningsæter Valde, Kjøkkensjef, 41425540, ingeborg.gronningsaeter.valde@haram.kommune.no
Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 12
6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5054371716
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 15.06.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted