Helse Bergen HF
Vil du starte sjukepleiarkarrieren din hos oss?
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar kvar dag for å fremje helse og livskvalitet – og no kan du bli ein del av laget vårt!
Vi har ledige faste deltidsstillingar for sjukepleiestudentar som fullfører 2. studieår sommaren 2026.
Kvifor velje Haukeland?
Dette er ein unik sjanse til å starte karrieren din allereie medan du studerer.
Du får:
- Sommarvikariat i 100% stilling (veke 25–33/34)
- Fast deltidsstilling på helg (20%) etter sommaren
- Moglegheit til å bli kjend med avdelinga og bygge gode relasjonar før du er ferdig utdanna
- Ein trygg start som gir både fagleg utvikling og god pasientbehandling
Når du har fått autorisasjon som sjukepleiar, går du over i fast 100 % stilling hos oss. Vi trur dette gir deg ein solid plattform for vidare karriere.
Kven ser vi etter?
- Du er ferdig med 2. året sommaren 2026
- Du kan jobbe samanhengande i minimum 6 veker i sommarperioden (veke 25–33/34)
- Du er engasjert, lærevillig og ønskjer å bidra til gode pasientopplevingar
- Oppgi i søknaden kva avdeling du ønskjer å jobbe på
Det er ledige stillingar ved desse einingane:
- Medisinsk klinikk: Medisinsk Overvakingseining (MOE), Medisinsk post for blodsjukdommar, Medisin 1 vest, Medisinsk post for akuttgeriatri og infeksjon
- Klinikk hovud/hals: Hovud/hals og augeavdelinga
- Lungeavdelinga: Lunge post 1 og 3
- Nevroklinikken: Nevrologisk akuttpost
- Kirurgisk klinikk: Gastrokirurgisk post 1 vest, Plastikk- og karkirurgi-Post 4
- Hjarteklinikken: Hjarte post 4
- Ortopedisk klinikk: Ortopedisk avdeling Syd/Vest/Infeksjon
- Kreftklinikken: Post 1, Post 2, Poliklinikk
- Bemanningssenteret: Helsepersonell somatikk
Arbeidsoppgåver
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Du må vere 2. års sjukepleistudent
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
Personlege eigenskapr
- Opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
- Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
- Gode samarbeidsevner og godt humør
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
Vi tilbyr deg
- Introduksjon og opplæringsdagar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anniken Knag Haukeland, Spesialsjukepleiar Bemanningssenteret, +47 91576157
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5034367004
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026