Bjørnafjorden kommune HR-avdelinga
Vi søker rådgivar i 100% fast stilling.
Stillinga er nyoppretta og du vil vere sentral i etableringa av rolla i organisasjonen. Vi ser etter deg som har særs god evne til å skape tillit, dele kompetanse og sørge for varige endringar.
Bjørnafjorden kommune har om lag 2000 tilsette og er ein kommune i vekst. Vi jobbar målretta med initiativ for utvikling- og forbetring, i takt med nye og endra behov frå innbyggjarane og for å drive ei moderne kommune. Dette stiller krav til endringskompetanse, fleksibilitet, læring- og omstillingsevne for alle våre tilsette.
HR-avdelinga består av 24 tilsette innan fagområda personal, HMS, IT, lønn og organisasjonsutvikling. Vi samarbeider tett og har fokus på kompetansedeling, digitalisering og kontinuerleg utvikling av tenestene vi har ansvar for.
Du vil bli del av eit kompetent team av rådgjevarar, som samarbeider tett med alle fagområda representert i kommunen. I HR har vi eit langsiktig fokus på tiltak for auka nærvær, personvern, leiaropplæring, trygg innføring av AI og forhold som skapar helsefremjande arbeidsplassar
Arbeidsstad
HR avdelinga faggruppe for Organisasjonsutvikling.
Arbeidsoppgåver
- Ta aktiv del i å forankre stillinga i organisasjonen og skape verdi i samarbeid med stabsavdelingane og driftsavdelingane som nyttar turnus
- Kvalitetssikre turnusar opp mot lov- og avtaleverk
- Utarbeide malar, sjekklister og dokumentasjon for turnusarbeid
- Drive aktiv opplæring og støtte i leiarlinja i bruk av verktøy og prosessar
- Bidra til opplæring og kompetanseheving i organisasjonen
- Utgreie mogelegheiter for å ta i bruk KI verktøy i arbeidet med turnus
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning (helse, HR, administrasjon, eller tilsvarande)
- Fordel med erfaring frå prosjektarbeid og prosjektleiing
- Solid erfaring og kompetanse i turnusarbeid og bruk av system for turnusplanlegging (t.d. GAT, Visma, eller liknande)
- God kunnskap i lov- og avtaleverk, spesielt knytt til HA, HTA og AML
- Solid teknisk forståing og god erfaring med digitale verktøy og datahandsaming
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Fleksibel og løysingsorientert, med evne til å handtere endringar
- God relasjonskompetanse – trygg i møte med mange ulike menneske i organisasjonen
- Evne til å jobbe målretta mot fristar
- Analytisk tilnærming kombinert med praktisk gjennomføringsevne
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her