Assistent anretningskjøkken

  • Deltid
  • VALEN, NORGE
  • 10. januar 2026

Sikkerhetspost, Valen Sjukehus

Vil du bli vår nye medarbeidar?

Sikkerheitsposten på Valen har ledig stilling som assistent ved anretningskjøkkenet kvar tredje helg. Her får du ei viktig rolle i å sørgje for måltid til pasientane på psykiatrisk døgnpost, i tråd med retningslinjene for mattryggleik.

Arbeidet inneber anretning og servering av mat, bestilling av varer og dagleg reinhald på kjøkkenet.

Høyrest dette interessant ut? 👉Søk hjå oss og bli med på laget!

Kva går jobben ut på?

  • Anretning og servering av mat til pasientar på psykiatrisk døgnpost i tråd med IK-mat (Internkontroll Mattrygghet).
  • Bestilling av mat.
  • Dagleg reinhald på anretningskjøkken.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Relevant erfaring med handsaming og tilbereding av mat på instutisjon.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er praktisk og tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
  • trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • kan arbeide sjølvstendig og er serviceinnstilt
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Kvifor skal du velje oss?

  • Hos oss blir du del av eit trygt og triveleg arbeidsmiljø der du gjer ein viktig forskjell for pasientane.
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Kontaktinformasjon

Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, +47 53466483

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5052881528
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 09.02.2026
Søknadsfrist: 11.01.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted