Avdeling Haram bustadar 1, Haram kommune
Butenesta i Haram har ledig 1 stilling som helsefagarbeidar i 46,24% stilling. Dei som er under helsefagleg utdanning kan også søke. Stillinga er for tida i avdeling Haram bustader 1.
Turnus for stillinga er for tida natt med arbeid kvar 3. helg. Lengda på nattevaktene varierer frå 10-12,5 timar.
Om stillinga:
Vi tilbyr spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø.
Om oss:
Haram bustader yter i hovudsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på å levere gode tenester med høg kvalitet, fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN.
Stillinga er ledig frå 3. mars -26, eller etter avtale.
Oppbygging av Haram bustader:
Haram bustader består av tre avdelingar. Haram bustader 1 som består av bustader, Haram bustader 2 som består av bustader og Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning.
I Haram bustader jobbar du i team med miljøterapeutar, vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fagarbeidarar og assistentar.
Haram kommune:
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Medikamenthandtering.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
- Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
- Rettleingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeider.
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
- Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Førarkort kl. B.
- Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Viser initiativ og er kreativ.
- Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
- Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Evnar å skape engasjement og har gode haldningar.
- Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
- Er lojal og stabil.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
- Rom for å vere kreativ.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
- Avsett tid i turnus til å jobbe med fag og oppfølging av primærkontaktrolla.
- Du vil jobbe i eit miljøterapeutteam i lag med 4 andre miljøterapeutar i Haram bustader 1, samt helsefagarbeidarar og assistentar.
Kontaktinformasjon
Susanne Kristin Snipsøyr, Avdelingsleiar, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Brattvåggata 19
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5053916192
Stillingsprosent: 46,24%
Fast
Startdato: 02.03.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026