Maskinsjef i sambandet Mordalsvågen – Solholmen, p.t. MF Ivar Aasen

  • Heltid
  • MOLDE, NORGE
  • 1. januar 2026

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

MF Ivar Aasen har frakta folk trygt over fjorden sidan 1998 – no treng vi to maskinsjefer som vil vere med og halde maskinrommet i toppslag!

 

Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, samtidig som du jobbar med eit triveleg og inkluderande mannskap. 

Søkare må bu lokalt.

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande. 

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
  • Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
  • Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
  • Opplæring av personell under si leiing.
  • Oppgåver knytt til alarminstruks.
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
  • Skiftordning: 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt.
  • Treningsmoglegheiter om bord. 

Kontaktinformasjon

Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.no

Arbeidsstad

6409 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5038687204
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.12.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted