Helsefagarbeidar – 70 % fast

  • Deltid
  • VINJE, NORGE
  • 3. januar 2026

Sjukeheimen langtidsavdeling, Vinje kommune

Er du omsorgsfull, trygg og ynskjer ein jobb med meining?

Vinje sjukeheim har ledig 70 % stilling som helsefagarbeidar på Midtstoga. Midtstoga er ei somatisk gruppe på langtidsavdelinga, med personar med ulike diagnosar og funksjonivå. Me søkjer etter deg som er ein positiv lagspelar, som jobbar målretta mot det beste for kvar enkelt bebuar. Du må like å vere i lag med eldre personar med demenssjukdom, og evne å balansere dagane mellom aktivitet og kvile for bebuarane. 

Vinje sjukeheim består av ei langtidsavdeling og ei korttidsavdeling. Langtidsavdelinga er delt inn i tre grupper, der to av gruppene er tilpassa personar med demens, og ei gruppe er somatisk pleieavdeling.

Ved Vinje sjukeheim skal me sørge for at innbyggjarar i Vinje med behov for heildøgnspleie, meistring og omsorg mottar eit best mogleg tilbod, og der me jobbar kontinuerleg med å auke kvaliteten i tenesta. 

Me nyttar årsturnus for at du som medarbeidar skal ha moglegheit til å påverke din eigen turnus etter individuelle behov i ulike livsfasar. 

Arbeidsoppgåver

  • Utføre dagleglivets gjeremål, som personlig stell og bistand til eigenomsorg
  • Ta målingar og gjera observasjonar
  • Ivareta rolla som primær- og sekundærkontakt
  • Samarbeide med pårørande
  • Delta i praktiske arbeidsoppgåver i avdelinga
  • Dokumentasjon
  • Miljøbehandling og tilrettelegge for gode og aktive kvardagar for våre bebuarar
  • Vere ein positiv bidragsytar i det kontinuerlige endrings- og forbetringsarbeidet vårt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Vidareutdanning i demensomsorg er positivt
  • God dokumentert norsk kompetanse, tilsvarande B2
  • Ynske med erfaring innanfor demensomsorg
  • Beherske vanlege IKT verktøy
  • Det er krav om politiattest, og godkjend attest skal leggjast fram før tilsetjing
  • Erfaring frå liknande arbeid kan bli vurdert om søkjar ikkje har autorisasjon som helsefagarbeidar

Personlege eigenskapar

  • Du jobbar målretta for å ivareta kvar enkelt sine ynskje og behov, i tråd med gjeldande krav til kvalitet
  • Du bidrar aktivt til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
  • Du er fleksibel og strukturert
  • Du kan jobbe både sjølvstendig og i team, og har gode samarbeidsevner
  • Du har interesse for demensomsorg
  • Du held deg fagleg oppdatert
  • Du har evne til å skape gode relasjonar
  • Du er fleksibel og kan arbeide på tvers av avdelingar

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing

Me tilbyr

  • Gode støtteordningar for vidareutdanning i demensomsorg
  • ABC-kurs i demensomsorg og andre fagområde
  • Fagleg oppdaterte og dyktige kollegaer
  • Betalt matpause
  • Løn etter KS tariff og lokal lønstabell
  • Moglegheit til å påverke din eigen turnus. Me nyttar årsturnus
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Hanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24, hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen 212
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5052614233
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted