JAG Assistanse AS
JAG Assistanse søkjer personleg assistent (BPA) med utvida ansvar
Eg er ei vaksen dame som no ser etter ein triveleg og påliteleg BPA-assistent som kan bli ein viktig del av kvardagen min. Eg likar godt å leve eit roleg og innhaldsrikt liv, både heime og ute blant folk. Heime trivst eg med plantane mine og å stelle litt i hus og heim. Samstundes er eg glad i musikk, og eg set stor pris på konsertar og andre kulturelle arrangement.
I denne faste stillinga ynskjer eg meg ein person som både har godt humør, er sjølvstendig, og som kan bidra til at kvardagen min blir trygg, sosial og fleksibel. Du vil ha utvida ansvar, noko som betyr at du tek vare på assistansegarantien for min assistanseordning og kan stille dersom andre assistentar blir sjuke. Difor er det ein stor fordel om du er fleksibel, løysingsorientert og trivst med å ha litt ekstra ansvar.
Arbeidsoppgåvene kan mellom anna vere:
- Assistanse i heimen
- Følgje på konsertar, kulturarrangement og andre små utflukter
- Kvardagslege gjeremål og praktiske oppgåver
- Bidrag til struktur og kontinuitet i BPA-ordninga
Du passar truleg godt i jobben om du:
- Er roleg, varm og påliteleg
- Likar musikk, kultur og små kvardagsgleder
- Er fleksibel og kan stille ekstra ved behov
- Har god kommunikasjon og liker å samarbeide
- Er komfortabel med både rolege dagar og meir aktive dagar
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar eg du sender ein søknad og fortel litt om kven du er, kanskje blir du min nye faste assistent!
Opplæring vert gitt, og personleg kjemi vil bli vektlagt. På grunn av arbeidets art, oppmodast kvinner til å søkje.
Søknadsfrist: (Søknadar vurderast fortløpande)
Krav i stillinga:
- Plettfri vandel / politiattest
- Gode norskkunnskapar
- Førarkort
Som personleg assistent i JAG gjer du ein forskjell kvar dag, og personleg eignaheit er avgjerande.