Årdal kommune Årdal kommune
Årdal kommune har ledig 100% fast stilling som økonomirådgjevar/-konsulent.
Me ser etter ein engasjert og strukturert økonomikollega som får ei sentral rolle i planlegging, budsjettering og oppfølging av økonomien i Årdal kommune. Du jobbar tett på tenesteområda og vil vere ein nøkkelperson i arbeidet med å sikre gode avgjerdsgrunnlag for folkevalde.
Økonomiavdelinga har 5 årsverk. 1,5 årsverk knytt til lønnsarbeid, 1,5 årsverk rekneskap, økonomirådgjevar/-konsulent og leiarfunksjon.
Arbeidsoppgåver
-
Økonomiplanlegging, budsjettering og økonomioppfølging
-
Kvalitetssikre prognosar og tertialrapportering
-
Førebu politiske saker og utarbeide analyser
-
Vidareutvikle digitale løysingar og rutinar, samt internkontrollarbeid
-
Rådgjeving, opplæring og støtte til leiarar
-
Andre oppgåver som ligg til økonomi- og rekneskapsfunksjonen
Kvalifikasjonar
-
Relevant mastergrad eller minimum bachlorgrad innan økonomi, administrasjon eller tilsvarande. Ved særleg relevant erfaring vil vi kunne fråvike utdanningskrav.
-
Erfaring med bruk av digitale verktøy som excel, Power BI eller likande
-
Erfaring med økonomistyring, gjerne fra offentlig sektor
-
God forståing for digitale verktøy og system
-
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg
-
Kjennskap til relevante lover og forskrifter er ein fordel
-
Kompetanse innan andre relevante fagområde t.d. finans og eigedom er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Strukturert og nøyaktig
Gode samarbeidsevner og evne til å rettleie andre
Initiativrik og løysingsorientert
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
Ei spennande og utviklande stilling i eit godt fagmiljø
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter avtale
Bedriftshytte på Skeikampen
Heimekontor etter avtale
Link til søknadsskjema: Søk her