Personleg assistent

  • Heltid
  • AURLAND, NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • 20. april 2025

Om stillinga

Me har ledig 100% vikariat som brukarstyrt personleg assistent til ei ung kvinne med behov for assistanse i kvardagen frå snarast 

Det er til saman sju personlege assistentar i dette tiltaket. Brukaren bur i eige husvære saman med mor.

I arbeidet som personleg assistent kan du gjere livet lettare for nokon med ulike utfordringar. Jobben er variert og gjevande, med gode vilkår.

Personleg assistanse er organisert under kommunalområde helse og omsorg, avdeling bu og miljø. Bu- og miljøtenesta vart oppretta i 2018. Det er om lag 30 tilsette ved avdelinga.

Me gir omsorg og oppfylging til brukarar med ulike behov. Meistring av kvardagslege aktivitetar og sosial deltaking står i fokus. Me jobbar aktivt for å sikre fagleg kvalitet og gode tenester. Tenester som heildøgns omsorg i bufelleskap, brukarstyrt personleg assistent (BPA), avlasting, støttekontakt og omsorgsstønad ligg til avdelinga. Me har også ansvar for å bygge opp aktivitetstilbod til målgruppa.

Me har høgt fokus på fagutvikling, og jobbar aktivt for å sikre gode tenester. 

Arbeidstidsordninga er tilpassa pendlarar, så me oppfordrar deg til å søke sjølv om du ikkje er busett i Aurland. 

Arbeid og ansvarsområde

Tenestemottakar er ei glad og positiv jente på 21 år. Ho har ei utviklingshemming og sit i rullestol. Ho deltek på vaksenopplæring, og treng hjelp til ulike gjeremål på skulen og i heimen. Jenta treng også assistanse på reiser og i ferien. Ho er glad i musikk, dans, teater, kino, konsertar, og likar å vere sosial. Det er nært samarbeid med brukar og pårørande. Du vil få opplæring i nødvendige prosedyrar og bruk av diverse hjelpemiddel. Dette i tillegg til anna innføring og rettleiing undervegs. Me ynskjer at du er ein ressurs og ein god samtalepartnar. Du vil vere ein del av kvardagen til brukaren og delta i aktivitetar og i sosiale samanhengar etter ynskje frå brukaren.

Ho treng også hjelp til:
– transport til ulike aktivitetar med meir
– praktiske og daglege gjeremål
– personleg stell og hygiene 
– måltid
– bruk, reingjering og vedlikehald av tekniske hjelpemidlar
– fylgje  til lege og sjukehus

Me tilbyr

  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad 
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • løn etter etter tariff 
  • minimum 6 år ansiennitet for fagarbeidarar
  • ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • gratis inngang til symjehallen
  • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære 
  • eventuell informasjon om ledige stillingar til partar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub) 

BPA-ordninga har ein attraktiv turnus med døgnvakter som vist nedanfor:
– 3 døgn med jobb
– 14 dagar med fri 
– 4 døgn med jobb
– 7 døgn med fri i løpet av fire veker
– arbeid kvar 4. helg
– døgnvakt med passiv tid / kviletid, og avlønning 1: 3

Treng du barnehageplass, er frist for å søke plass for komande barnehageår 15.03.25.

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

. Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • erfaring frå arbeid i helse og omsorg, men god opplæring blir gitt om du ikkje har det 
  • fagbrev helsearbeidarfaget er ein fordel, men ikkje eit krav for tilsetjing 
  • du vil få tett oppfylgjing, samt god opplæring og rettleiing

Personlege eigenskapar

Me vil vektlegge gode samarbeidsevner og desse personlege eigenskapane: 

  • imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar 
  • trygg på deg sjølv i rolla di, ansvarsfull og tolmodig 
  • omsorgsfull, fleksibel, løysningsorientert  

Vi ser etter deg som ynskjer å gjere ein skilnad, og har eit grunnleggande ynskje om å bidra til å gjere andre sin kvardag betre.

Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon om søknadsprosessen 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted