Praktisk bistand, Bygland Kommune
Helse- og omsorgstenesta i Bygland kommune har om lag 50 årsverk. Eininga omfattar mange ulike fagområde som sjukeheim, heimebaserte tenester (open omsorg) habiliteringstenesta,
helsestasjon, jordmor, flyktningteneste, psykisk helse og rus, fordelt på 3 avdelingar.
Tenesta har eit leiarteam beståande av kommunalsjef Helse og omsorg, 3 avdelingsleiarar og 1 rådgjevar. Leiarteamet arbeider tett saman på tvers av avdelingane.
Vi har fokus på å arbeide for ein heiltidskultur. Helse og omsorgstenesta i Bygland er i utvikling og vi skal
tilpasse oss morgondagens tenestebehov. Vi satsar på systematisk fagutvikling, meistring,
velferdsteknologi og tillitsbasert leiing.
Vi søkjer to engasjerte medarbeidarar til praktisk biistand/heimehjelp. Tenesta er ein viktig del av kommunen sitt omsorgstilbod, der målet er å bidra til at innbyggjarar kan bu trygt og godt i eigen heim.
Arbeidet på vaskeriet kan innebere enkelte tunge løft. Difor må søkjarar ha normal god fysisk kapasitet.
Vil du bidra til at innbyggjarane våre får eit reint og triveleg
heimemiljø? Då vil vi høyre frå deg!
Arbeidsoppgaver
- Utføre praktisk bistand i heimane til brukarar.
- Bidra til å skape tryggleik og trivsel for brukarane.
- Samarbeide med kollegaer og andre tenester i kommunen.
- Vaskeriet på Byglandsheimen.
Kvalifikasjoner
- Sertifikat klasse B.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Utdanning innan reinhald er foretrukket, men ikkje påkravd.
- Erfaring frå arbeid med praktisk bistand/heimehjelp er ein fordel.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
Personlige egenskaper
- Engasjement og vilje til å gi gode tenester frå kommunen.
- Initiativ.
- Evne til samarbeid.
- Lærevillug.
- Punktlig og påliteleg.
- Evne til å gi omsorg til dei som treng det.
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt arbeid der du gjer ein forskjell i kvardagen til andre.
- Godt arbeidsmiljø med dyktge kollegaer.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
- Pensjonsordning i KLP.
- Opplæring og fagleg oppfølging.
Kontaktinformasjon
Kristina Ose, Avdelingsleder helse, +4799530799
Arbeidssted
Prestlidi 68
4745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland Kommune
Referansenr.: 5050881611
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2026