Miljøarbeidar

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • 3. januar 2026

OPK-AR - Årstad vgs, Vestland fylkeskommune

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, i tillegg innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø.  Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/ 

Vi har ledig 100% vikariat som miljøarbeidar ut skuleåret 25/26, men oppstart så snart som mogeleg. Vi er i tillegg interessert i å rekruttere tilkallingsvikarar. 

Arbeidsoppgåver

  • Støtte og gjennomføre opplæring for elevar som treng tett oppfølging
  • Arbeide ut frå elevane sin individuelle opplæringsplan  
  • Delta aktiv i teamet rundt eleven og på avdelinga  
  • Arbeide med pedagogisk utviklingsarbeid, i tråd med skolens pedagogiske plattform og utviklingsplan
  • Det vil også vere oppgåver knytt til stell  

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som Barne- og ungdomsarbeidar. Andre fagområde kan også vere relevant 
  • Eller høgskuleutdanning (t.d. vernepleiar, sjukepleiar, ergoterapeut eller fysioterapeut)
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Ein vil i stor grad vektleggje personlege eigenskapar til denne stillinga 
  • Vi oppmodar menn til å søkje

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner, har godt humør og trivest med å jobbe i team 
  • Du må like å vere fysisk aktiv og å kunne ta i eit tak når det trengs
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig med elevar og gjennomføre planlagde aktivitetar 
  • Du har gode kommunikasjons- og relasjonsevner
  • Du må vere trygg i arbeid med ungdom som kan ha utfordrande åtferd   

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit godt fagmiljø med god samarbeidskultur med engasjert kollegaer 
  • Godt samarbeid med faglærarar og deltaking i pedagogisk utviklingsarbeid 
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar  

Kontaktinformasjon

Sissel Næsheim Riise, avdelingsleiar, 41104799

Arbeidsstad

Fjøsangerveien 38
5054 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5048015112
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 19.01.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted