Rettleiingstenesta Vestland nord (Førde), Vestland fylkeskommune
Vestland fylkeskommune har rettleiingstenester for vidaregåande opplæring. Tenesta skal vere med å legge til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med lærebedrifter, skular, kommunar og andre aktuelle instansar.
Vi har ledig 100 % stilling som rådgjevar innan vidaregåande opplæring – 2. gongs utlysing.
Arbeidsoppgåver
Bidra til at rettleiingstenestene leverer tenester med høg fagleg kvalitet ved å:
- hjelpe skular og lærebedrifter med kompetanseheving og organisasjonsutvikling. Målet er at alle elevar og lærlingar skal oppleve tilpassa og inkluderande opplæring.
- utarbeide sakkunnige vurderingar der Opplæingslova krev det
- bidra til å skape fleirfagleg kompetanse i rettleiingstenesta
- bidra til at ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring og vert kvalifisert for jobb og vidare utdanning
Andre arbeidsoppgåver innanfor rettleiingstenesta kan vere aktuelle
Kvalifikasjonar
Masternivå frå universitet eller høgskule i relevante fag som til dømes pedagogikk/spesialpedagogikk og:
- kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvalting
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
- rettleiingskompetanse og erfaring frå vidaregåande opplæring
- gode samarbeidsevner som fremjar systemperspektivet i møte med samarbeidspartnarar
- førarkort kl. B
Annan relevant kompetanse og/eller erfaring kan erstatte kravet om mastergrad. Ein vert då tilsett i annan stillingsnemning.
Personlege eigenskapar
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
l stillinga ser vi etter deg som er:
- lærevillig, fleksibel og har evne til å tileigne deg ny kunnskap
- analytisk og viser god systemforståing
- inkluderande og byggjer gode relasjonar
- engasjert og har evne til å motivere
- sjølvstendig og har evne til å løyse problemstillingar i team
- ansvarsfull, målretta og systematisk
Vi legg avgjerande vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og engasjerte kollegaer
- stort fokus på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling
- løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar for rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Margrethe Eikrem Aarset, leiar, +47 41243344
Arbeidsstad
Naustdalsvegen 12
6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5050381124
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2026