Fitjar Kommune Avd Gartnartunet og Havnahuset Bofellesskap
ID 1031 Vernepleiar/sjukepleiar i eining for habilitering, 2 x 100% stillingar fast
I eining for Habilitering yt me tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Me har hovudkontor i Havnahuset bu og servicesenter. Eininga yt blant anna heildøgns omsorgsteneste i 3 bustadar og eit dagtilbod. Dei ledige stillingane er på Gartnartunet og Havnahuset. Gartnartunet og Havnahuset har turnus med langvakter og arbeid kvar 4. helg. Arbeidet går ut på å vegleie og bistå bebuarane i daglege gjeremål, aktivitetar og dagtilbod.
Me har mange flotte og dyktige medarbeidarar i eininga. Me søkjer no etter deg som kan bli ein del av vårt team. Du trivast med å jobba sjølvstendig og i team, du har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du har interesse for Habilitering og miljøarbeid, har godt humør og evne til å motivera og engasjera. Du er positiv, initiativrik, og likar å vera aktiv . Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Erfaring frå med arbeid med personar med utviklingshemming er ynskjeleg.
Me treng deg som:
-
Er fagleg sterk
-
Er strukturert og pliktoppfyllande
-
Likar å ta ansvar og føl dette opp
-
Er stabil og påliteleg
-
God på å skape relasjonar, både med brukarar, pårørande og kollegaer
-
Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet
-
Legg til rette for aktivitet, trivsel og meistring
-
Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
-
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
-
Har gode samarbeidsevne
-
Har evne til å ta imot og gje kollegaveiledning
Kvalifikasjonskrav:
-
Vernepleiar / sjukepleiar
-
Førarkort klasse B, manuell gir
-
God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar
-
Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon i KLP – Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.