Rådgjevar

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • 18. desember 2025

Skyss arbeider for å tilby eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. Vi skal redusere bruken av privatbil og gjere det enklare for at folk kan klare seg utan eigen bil.

Skyss har no behov for ein erfaren rådgjevar som kan bidra til å styrke organisasjonen sin evne til å levere på strategiske mål i samsvar med fagstrategi og relevante målbilde. Du har solid organisasjonsforståing og evnar å kombinere fagleg innsikt, metodisk tilnærming og sterke mellommenneskelege ferdigheiter.

I Skyss blir du del av eit kompetent og engasjert arbeidsmiljø med godt rom for fagleg utvikling. Du vil samarbeide tett med leiarar og medarbeidarar på tvers av organisasjonen for å sikre heilskaplege og målretta utviklingsprosessar.

Arbeidsoppgåver

Som rådgjevar i avdeling strategi og organisasjon vil du vere ein nøkkelressurs i vidareutviklinga av Skyss. Avdelinga er ei stabsfunksjon som har ansvar for intern og ekstern kommunikasjon og for å legge til rette for at organisasjonen er rigga for å levere på samfunnsoppdraget.

Sentrale oppgåver vil vere å:

  • leie og fasilitere organisasjons- og endringsprosessar
  • gi strategisk rådgjeving og leiarstøtte i utviklings- og endringsarbeid
  • utvikle og implementere tiltak innan organisasjonskultur, kompetanse, struktur og arbeidsprosessar
  • bidra til å gjennomføre tiltak frå overordna styringsdokument, organisasjonsstrategi og kompetansestrategi
  • styrke og vidareutvikle ein god organisasjonskultur og eit inkluderande arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har 

  • høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande, gjerne innan organisasjon og leiing eller andre relevante fagområde
  • erfaring med endringsleiing og utviklingsarbeid i organisasjonar
  • god forståing for korleis digital transformasjon påvirkar organisatoriske behov
  • kunnskap om strategisk kompetansestyring 
  • erfaring med prosjekt- og prosessleiing

Det er i tillegg ønskeleg at du har

  • kjennskap til kollektivbransjen og/eller samferdselsektoren
  • erfaring frå eller innsikt i offentleg sektor

Personlege eigenskapar

Du kjenner deg igjen i verdiane våre, som er open, kompetent og modig.

Vi treng deg som

  • er engasjert i grøn omstilling og vil bidra i samfunnsutviklinga 
  • jobbar strukturert, sjølvstendig og har sterk gjennomføringsevne
  • har gode samarbeidsevner og kommuniserer klart og tydeleg
  • bidrar positivt til arbeidsmiljøet og kulturutvikling

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
  • ei spennande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • løn etter avtale
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

Andre opplysningar

  • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at ifølge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren verte offentleggjorte sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak, vil du alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Vigdis Robak Bjørgo, Kons. leiar strategi og organisasjon, vigdis.robak.bjorgo@skyss.no

Arbeidsstad

Lars Hilles gate
 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5047679906
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.12.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted