100% vikariat som kontaktperson i barnevernstenesta

  • Heltid
  • SYKKYLVEN, NORGE
  • 15. desember 2025

Barne - og familietenestene, Sykkylven kommune

 

Vi har ledig 100% vikariat som kontaktperson i barnevernstenesta frå snarast og til 30.06.2026, med moglegheit for forlenging.

Vi leiter etter deg som er proaktiv, engasjert og sjølvstendig og som motiverast av å gå den ekstra mila for
barn, unge og deira familiar.

Barnevernstenesta er ein del av barne- og familietenestene og er samlokalisert med jordmor-,
helsestasjons- og skulehelsetenesta, pedagogisk-psykologisk teneste, flyktningtenesta, fysioterapiteneste
og familiestøttande team. Sykkylven kommune er ein BTI-kommune og alle desse tenestene har eit godt
tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats og verksame førebyggande tiltak.

Barnevernstenesta har åtte årsverk, inkl. barnevernsleiar og er organisert i meldings-/undersøkingsteam
og tiltaksteam. Tenesta nytter fagsystemet Modulus. 

Arbeidsoppgåver

Sakshandsaming etter Lov om barnevern (barnevernsloven), i all hovudsak:

  • Gjennomføring av undersøkingar
  • Oppfølging av hjelpetiltak og omsorgstiltak, inkl. råd og rettleiing
  • Oppfølging av barn og unge i fosterheim eller på institusjon
  • Oppfølging av ungdom under ettervern
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning, fortrinnsvis barnevernspedagog eller sosionom
  • Ønske om relevant vidareutdanning
  • Ønske om erfaring frå barnevernsarbeid eller anna relevant praksis
  • Ønske om erfaring frå arbeid i fagsystemet Modulus
  • Ønske om rettleiingskompetanse / – erfaring som til dømes COS-P, ICDP, PYC m.m.
  • Krav om gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Krav om førarkort og kunne disponere bil i tenesta
  • Krav om politiattest av nyare dato

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

  • Evne til å skape tillit og bygge trygge relasjoner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta
  • Evne til å takle tidvis høgt arbeidspress og krevjande situasjonar
  • Evne til å vere fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til å sjå verdien av tverrfagleg samarbeid

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg sterke og engasjerte kollegaer
  • Systematisk saksrettleiing og grupperettleiing
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gratis parkering

 

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Evy Andersen, Avdelingsleiar barnevern (barnevernsleiar), +4747811012, evy.andersen@sykkylven.kommune.no
Carolin Urke, Einingsleiar Barn- og familietenestene, +47 94002772, carolin.urke@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 20
6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5050186093
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 30.06.2026
Søknadsfrist: 16.12.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted