Brannkonstabel

  • Deltid
  • STRANDA, NORGE
  • 18. desember 2025

Næring - kommunalteknikk, Stranda kommune

Stranda kommune har ledig 2 deltidsstillingar som brannkonstabel  i 1,97% stilling frå 15.1.2026. Ei stilling er fast og den andre er eit vikariat i 1 år.
Arbeidsstad for tida Stranda brannstasjon.

Vitnemål og attestar skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju.

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Kvalifikasjonar

  • På søkartidspunktet må du fylle helsekrav etter ”veiledning om helseundersøkelse og fysiske tester for røyk- og kjemikaliedykkere”
  • Søkjar må ha fylt 21 år
  • Førarkort klasse BE. Ønskjeleg med førarkort klasse C
  • Disponere bil for transport til brannstasjonen ved utrykking.
  • Bustad og arbeidsplass bør vere innan 3- 4 km frå brannstasjonen, avvik frå dette kan avtalast særskilt
  • Vi ynskjer ei stadfesting frå arbeidsgjevar på at ein kan forlate arbeidsplassen ved utrykking og at ein kan ta permisjon ved øvingar/kursdeltaking

 

Utdanning i form av kurs og øvingar som må påreknast.

  • Nettbasert brevkurs brannvern
  • Grunnkurs for deltidspersonell 
  • 2-årig Internopplæring
  • Andre relevante brann- og redningsfaglege kurs ihht stilling
  • Det er lagt opp til 10-12 øvingar pr år der dei fleste blir gjennomført på kveldstid

Personlege eigenskapar

  • God fysisk og mental kapasitet
  • God ordenssans, samarbeidsvillig og motivert
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.  

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Kontaktinformasjon

Inge Teigen, Brannsjef

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5050361086
Stillingsprosent: 1,97%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 19.12.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted