Fjord kommune
I Fjord kommune på Sunnmøre kjennast livet litt meir ekte, og kvardagen lettare. Her vaknar du til fjordglimt og sterke lokalsamfunn, ungar som spring trygt mellom gode nærmiljø, og ein kvardag der både skule, barnehage, natur og fritid er tett på – og lett å bruke. I Fjord kommune finner du eit rikt kulturliv og næringsliv i utvikling.
Vi tilbyr ikkje bare ein jobb, men ein stad der livet rett og slett smakar betre. I Fjord er det korte avstandar, mindre stress og rom for å puste – men òg store mulegheiter, gode tenester og eit lokalsamfunn som faktisk ser deg.
Les meir om alt Fjord kommune har å tilby på OPPLEVFJORD.NO
Og for å gjere starten enkel, vi hjelper deg inn på ekte det første året!
Gratis husleige i 6 månader, hjelp til å finne bustad, gratis abonnement på treningsenter i kommunen, årskort til Arena Overøye og Tafjordbadet for deg og familien. I kommunen vår er det i dag behov for fleire flinke folk til arbeidsoppgåver i Helse og oppvekst sektoren om du har partner som også er på jakt eetter arbeid. Vi har og god kontakt med det private næringslivet i kommunen og kan også formidle kontaktar i så måte.
Her er terskelen låg, og utsikta heilt rå! – bli med heim til Andreas Ødegaard – Folk i Fjord
Er du ein praktikar som likar å fikse ting – og som får energi av å sjå at alt fungerer? Som driftstekniker/vaktmeister i Fjord kommune blir du den som held hjula i gang og sørger for at bygg og anlegg er trygge, funksjonelle og klare til bruk. Ingen dag er lik – og du får ein jobb med stor variasjon, ansvar og synlege resultat!
Du vil i hovudsak ha oppgåver knytt til Valldal omegn, men heile Fjord kommune vil vere din arbeidsplass.
Har du spørsmål til stillinga eller kommunen, er det bare å ta kontakt med dine potensielle nye arbeidskollegaer.
Dette blir jobben din
- Utføre drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg.
- Sørge for at tekniske installasjonar fungerer optimalt.
- Følgje opp serviceavtalar og leverandørar.
- Bidra til gode løysingar for energi, miljø og sikkerheit.
- Vere ein problemløysar som ryddar opp når noko skjer.
- Stillinga inngår i teknisk vaktordning
Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein person som primært har fagbrev innan handverksfag, byggfag eller eventuelt anleggsfag, men relevant arbeidserfaring kan og kompensere for manglande fagbrev. Førarkort klasse B er sjølvsagt viktig i distrikta og for arbeid med bygg og anlegg er det sjølvsagt viktig å kjenne til lovverk knytt til bygningsdrift.
Kven er du?
- Du har praktisk sans og likar å ta ansvar.
- Du er strukturert, men fleksibel når kvardagen byr på overraskingar.
- Du trivst med folk – både kollegaer og brukarar.
Kva kan vi i Fjord kommune tilby deg?
- Gode pensjonsordningar i KLP
- Lønn etter avtale
- Kommunen legg til rette for fagleg utvikling og etter-/ vidareutdanning
- Huska du årskort på treningssenter, gratis husleige i 6 mnd….
Dette er ei rolle for deg som vil bety noko – for folk, for teamet ditt, og for ein kommune som faktisk satsar. Her blir du ikkje ein liten del av eit stort system.
Kontaktinformasjon
Freddy Hanssen, Kommunalsjef Teknisk, 97970030
Trond Alstadsæter, Leiar Bygg og kommunalteknikk, +47 99711252
Arbeidsstad
Olavsgata 10
6210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommune
Referansenr.: 5048758446
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2025