Vikariat – Lærar på 1. trinn og i grunnleggande norsk

  • Deltid
  • LANGEVÅG, NORGE
  • 18. desember 2025

Langevåg skule, Sula kommune

Langevåg skule søker lærarvikar for resten av skuleåret 25/26.

Vi har eit godt arbeidsmiljø, flott uteområde og nærleik til flotte naturområde med både fjell, vatn og turstiar. 
Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt verktøy.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i grunnleggande norsk og klassar (Primært på 1. trinn)
  • Delta og forplikte deg i pedagogisk utviklingsarbeid i vårt profesjonsfellesskap, på trinn og i kollegiet generelt. 
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeidet for dine grupper og elevar saman med kollegaer.
  • Heim/skule-samarbeid og eksternt samarbeid.

Kvalifikasjonar

Godkjend pedagogisk utdanning for 1.-5. trinn

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein kollega som:

  • viser engasjement, har stor arbeidskapasitet og godt humør.
  • likar å samarbeide, dele og reflektere i eit læringsfellesskap.
  • legg innsats i og ser verdien av eit godt heim-skule-samarbeid.
  • er oppteken av eit trygt og godt skulemiljø.
  • er positiv og ønskjer å bidra sosialt både inn mot elevar og tilsette.
  • er oppteken av elevane si faglege og sosiale læring og utvikling

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert kollegafellesskap. 
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Lønn etter tariff.

Kontaktinformasjon

Ole Martin Tonheim, Rektor
Harald Weibust, Undervisningsinspektør

Arbeidsstad

Bratthaugmyra 39
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5050168311
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 19.12.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted