Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
1.maskinist – 1 veke på jobb og 2 veker fri!
Grunna endring av vaktordning i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. trafikkert av vår elektriske ferje MF Møkstrafjord, har vi no ledig stilling som 1.maskinsit.
Som 1. maskinist vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta av fartøyet. Du blir maskinsjefens stedfortredar og får ansvar for å sikre trygg og effektiv drift av maskin og tekniske system. Arbeidet krev solid fagleg kompetanse, høgt fokus på sikkerheit og vilje til kontinuerleg utvikling.
Dette er ei spennande stilling i eit innovativt rederi som satsar på grøn teknologi og moderne løysingar. Du får jobbe med toppmoderne utstyr på ei
stillegåande og energieffektiv el-ferje – og vere med på å forme framtida for
miljøvenleg sjøtransport.
Reisekostnadar til og frå dekkast av rederiet.
Vi ansetter fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
- Samarbeid med maskinsjef for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
- Opplæring av personell under si leiing.
- Oppgåver knytt til alarminstruks.
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar
- Kompetansesertifikat M3
- Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
- FSE lav- og høyspenning
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Manglande krise- og passasjerhandteringskurs vert dekka av rederiet for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og høgt fokus på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjerande.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar
- Sjøvakt 1:2
- Ein bur om bord i arbeidsperiode
- Reisekostnadar til og frå arbeid dekkast av rederiet
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no
Arbeidsstad
5392 Storebø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5006802246
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2025