Vikariat som barnehagelærar

  • Heltid
  • FYRESDAL, NORGE
  • 15. desember 2025

Fyresdal barnehage, Fyresdal kommune

Fyresdal barnehage søker barnehagelærar i inntil 200 % stilling frå dags dato.

Vi søker ein engasjert barnehagelærar som brenn for barns utvikling, leik og læring. Hos oss får du høve til å bruke kompetansen din i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø, der vi saman jobbar for å gi barna dei beste moglegheitene for læring og trivsel.

Vi ynskjer oss ein barnehagelærar som har fokus på fag, er løysningsorientert, og som likar å jobbe i eit fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Den vi søker må vere god på stressmeistring, fleksibel og endringsvillig, samt like varierande arbeidsoppgåver.

Intervju vil skje fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for utvikling og kompetanseheving i høve barnehagen som pedagogisk verksemd tilpassa det enkelte barn og barnegruppa
  • Medansvar for pedagogisk planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av barnehagens oppgåver og pedagogiske innhald
  • Aktivt nærvære i leik og samspel med barn i kvardagslege aktivitetar
  • Medansvar for barnehagen som ei heilskapleg eining, samarbeid med kollegaer, foreldre, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
  • Medansvar for eit godt arbeidsmiljø i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning eller anna 3-årig sosialfagleg utdanning
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, eventuelt minimum bestått norskprøve B2
  • Gode evner til å samarbeide, organisere og vere løysingsorientert
  • Gode evner til å arbeide i team for barnets beste

Personlege eigenskapar

  • Utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Likar utfordringar
  • Evne til å bidra med å sikre eit godt samarbeid mellom barnehage og heim
  • Gode digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Løn etter avtale

Anna informasjon:

  • Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.  
  • Ved tilsetting vil det bli det stilt krav om politiattest.  
  • Anna relevant utdanning og arbeidserfaring kan bli vurdert.

Kontaktinformasjon

Janine Braemer, Barnehagestyrar, +47 47 63 61 72

Arbeidssted

Landstadvegen 30
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 5049400977
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 16.12.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted