Avdeling psykisk helsevern, Haugesund sjukehus
Me søkjer deg som vil bidra til trygg og effektiv behandling for pasientar med psykiske lidingar, samtidig som du får styrka
kompetansen din.
Vi har no ledig vikariat for deg som ønskjer å lære om – og levere – behandling med moderne og evidensbaserte biologiske metodar.
Du får tett oppfølging og god opplæring frå dag éin. Vikariatet varer i eitt år, med oppstart i 2026 og moglegheit for forlenging dersom behovet held fram.
Arbeidsdagen er variert, med særleg høg aktivitet på morgonøktene når me køyrer ECT- og TMS-behandlingar.
Me ser fram til å høyra frå deg, og ønskjer deg velkommen til eit spennande vikariat hos oss!
Kva går jobben ut på?
- Planleggje og gjennomføre TMS‑ og/eller ECT‑behandling i tråd med prosedyrar og pasientforløp.
- Delta i små team som samarbeider med kommunale tenester og andre fagmiljø.
- Observere og vurdere pasienttilstand, dokumentere og kvalitetssikre behandling.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Må ha:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar.
- Erfaring frå psykisk helsevern er ønskelig, men vi gir opplæring i prosedyrer for ECT og TMS.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Motivasjon for strukturert opplæring og sertifisering innan ECT/TMS.
Ønskjeleg:
- Erfaring med ECT og/eller TMS (ikkje krav).
Kva ser vi etter hos deg?
- Lagspelar: Du deler informasjon aktivt, ber om hjelp når det trengst og støttar kollegaer for å nå felles mål.
- Fleksibel: Du handterer endringar i plan utan å miste oversikt og held roen når tempoet aukar.
- Læringsorientert: Du set av tid til å lese prosedyrar, deltek i rettleiing og følgjer opp tilbakemeldingar.
- Kommunikativ: Du gir korte, presise beskjedar i team og dokumenterer nøyaktig i pasientjournal.
Kva tilbyr vi?
- God opplæring og tett oppfølging i oppstarten.
- Eit fagmiljø som satsar på evidensbasert behandling.
- Moglegheit til å styrke din kompetanse innan biologisk behandling.
- Varierte dagar med kombinasjon av sjølvstendig arbeid og teamoppgåver.
IA‑arbeidsplass med fokus på inkludering og godt arbeidsmiljø.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Aarvik, Konst. funksjonsleiar, 48185038, elisabeth.aarvik@helse-fonna.no
Thomas Hasmo Eilertsen, Avdelingsleiar, thomas.hasmo.eilertsen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5047508318
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.12.2025