Ferievikarar 2026 – Helse og meistring

Bli med oss sommaren 2026 og skap minner for livet både for deg sjølv og dei du hjelper!

Vi søker deg som vil lære meir om helse- og omsorgsyrket og som vil være ein del av eit team som gjer ein
forskjel for andre.
Våre avdelingar har flinke og engasjerte fagfolk. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har
nyleg innført Helseplattformen.

Vi vil gjere vårt beste for at du både skal få utvikle deg og trivast på vakt. Det kan vere hektisk og
utfordrande, men også veldig lærerikt.

Vi treng ferievikarar ifrå starten av juni og ut august. Vi søker sjukepleiarstudentar, sjukepleiarar,
vernepleiarstudentar, vernepleierar, miljøterapeutar, studentar og skuleelevar.
Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar.
Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingar,
nokre inntil 14 timar. 

Skriv gjerne i kva avdeling du ynskjer å jobbe. Vi behandlar søknadar fortløpande

Arbeidsoppgåver

HEIMETENESTENE
Heimesjukepleien yter teneste til dei som treng hjelp i kvardagen pga sjukdom eller funksjonsnedsetting som framleis bur i heimen sin. Heimesjukepleien yter praktisk hjelp til daglegdagse gjeremål som pasientane ikkje meistrar sjølv. Målet er at alle skal klare seg lengst mogeleg heime i eigen heim, og vere mest mogeleg sjølvhjulpen. Heimesjukepleien yter hjelp til f.eks dagleg stell, dusj, trening i heimen som kvardagsrehabilitering, medisin og oppfølging av ernæring og tilbredning av enkle brødmåltid. Alle som jobbar i heimesjukepleien brukar kommunale bilar i arbeidet med å reise heim til dei ulike pasientane. Heimetenesta er delt i to sektorar; Ytre (Langevåg) Indre (Nausthaugen/Solevåg).  Molværsvegen 11 er eit heildøgnsbemanna bufelleskap for personar med ulike psykiske lidingar. Bufellesskapet inneheld 8 bustader som har eige kjøkken/stove, bad og soverom. Der er fellesareal i bygget og det er fast personal tilknytt bustaden. Det vert gitt praktisk hjelp til dei ulike brukarane som bur der, samt miljøarbeid. Det vert nytta langvakter på 12,5 timer og 14 timer. Knytt til Molværsvegen 11 er det eit nyoppstarta miljøterapeutisk team som yter tjenester  til heimebuande med ulike funksjonsvanskar.

SULATUNET
Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar. Langtidsavdelinga vår er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Avdelinga har 28 bebuarar, stort sett eldre. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering. Korttids/rehabiliteringsavdelinga ved Sulatunet gir tilbod til pasientar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov. Vi tilbyr opptrening/vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Vi har besøkshund tilknytta avdelinga.  Kjøkkenet ved Sulatunet  leverer mat til Sulatunet, heimebuande, dagsentra og bukollektiva. Vi produserer om lag 170 middagar pr. dag og lager mat og bakverk. Avdelinga har eigen bil og køyrer sjølv ut all mat til kunden.

BU- OG AKTIVITETSTENESTA
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til menneske med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er menneske med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting, aktivisering og opplæring. Bu- og aktivitetstenesta er delt inn i fire avdelingar og omfattar: Nymarkvegen, Jetmundgarden og Geilneset 9 og 11.  

 

BUKOLLEKTIVA
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv for menneske med sjukdomen demens. Bustaden er tilrettelagt for denne pasientgruppa.                      Sloghaugvegen 28 er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Erindringsenteret er dagtilbod og tilbyr ein sosial treffstad for personar med demens sjukdom som bur heime. Seniorsenteret er dagtilbod for heimebuande eldre. Her skapar vi moglegheiter for å delta i eit fellesskap og fylle eit behov for sosialisering og aktivitet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering. 

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer primært personar med utdanning innan helse- og sosial, studentar, elevar eller erfaring
motivasjon/ interesser for slikt arbeid.
Legg ved attest og vitnemål i søknaden.
Krav om politiattest i alle avdelingane.
Oppgi i søknaden kva for ei avdeling du vil arbeide i. 
Krav om førarkort for enkelte stillingar. Oppgi om du har førarkort.

Personlege eigenskapar

Du er påliteleg, positivt innstilt og har gode haldningar i samhandling med andre.
Du har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.

Du ønskjer å gi eit godt tilbod til pasientane våre og til å bidra i arbeidsmiljøet.

Datakunnskap og god norskkunnskap både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.

Vi tilbyr

Moglegheit til fagleg vekst der du får god opplæring 
Fagmiljø med dyktige og støttande kollega og ein meiningsfull jobb.
Gunstige bonusordningar om du arbeider minimum 6 veker samanhengande.
Tilpassa turnus/turnusordning.
Lønn etter tariff

Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar får ekstra lønnstillegg.
Moglegheit for vidare fast arbeid på helg som kan utløyse stipendordning og påvirke lønnsansiennitet.

Gratis parkering.

Vi ønsker deg velkomen som søkar til ein kjekk sommar i Sula kommune!

Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt. 

Kontaktinformasjon

Anitra Kringstad, Avdelingsleiar Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret, 90761914, anitra.kringstad@sula.kommune.no
Mariann Kaldhol, Avdelingsleiar Nymarkvegen, Molvær senter, 95710269, mariann.kaldhol@sula.kommune.no
Line Østrem Bjørnevik, Avdelingsleiar Sulatunet, 47518270, line.ostrem.bjornevik@sula.kommune.no
Caroline Øien Fiksdal, Avdelingsleiar Jetmundgarden, 95710257, caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.no
Solgunn Eide Dybvik, Avdelingsleiar Heimetenesta, 95710263, solgunn.eide.dybvik@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5046471149
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted