60 % vikariat på Tildelingskontoret

  • Deltid
  • HEGGENES, NORGE
  • Det er ikke lenger mulig å sende inn søknad.

Øystre Slidre kommune

Tildelings- og bustadkontoret er ein sentral premissleverandør for tenesteproduksjonen i Øystre Slidre kommune. Vi arbeider ut frå målet om at den einskilde skal få bu og leve så sjølvstendig som mogleg i eigen bustad. Kontoret har ansvar for å vurdere søknader etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, pasient- og brukerrettighetsloven, bustøttelova, lov om kommunen sitt ansvar på det boligsosiale feltet, og forskrift om lån frå Husbanken.

Kommunen har ei tydeleg satsing på førebygging, eigenmeistring, velferdsteknologi og tverrfagleg samarbeid. Tildelings- og bustadkontoret er saksbehandlingseining for alle helse- og omsorgstenester. Vi har ansvar for forvaltning av kommunen sine utleigebustader og skal bidra til at innbyggjarar som ikkje klarer det sjølv får hjelp til å skaffe eller behalde bustad. Tenesta er tverrfagleg samansett med kompetanse innan helse, omsorg, økonomi og sosialt arbeid – og vi har eigen vaktmeister. Leiar for tenesta er òg leiar for koordinerande eining og som ein del av kommunen si satsing på barn og unge har vi ein eigen barnekoordinator i teamet.

Vi ser etter ein fagleg sterk kandidat som ynskjer å bruke sin kompetanse til å bidra i arbeidet mot våre mål. Hos oss vil du bli ein viktig del av eit tverrfagleg team, der vi gjennom eigne bidrag og respekt for kvarandre sin kompetanse, spelar kvarandre gode og bidreg til ei berekraftig forvaltning av kommunen sine ressursar. Som medarbeidar vil du ha ei sentral rolle i å kartleggje, vurdere og bruke fagkunnskapen din til å fatte vedtak. Du vil vere med på å leggje til rette for at den enkelte og familiar skal få moglegheit til å meistre kvardagen sin, trass sjukdom, funksjonsnedsetjingar, økonomiske eller sosiale utfordringar.

Stillingen er eit 60 % vikariat, ledig frå dags dato med varigheit ut 2026.

Arbeidsoppgåver

  • Kartleggje og saksbehandle søknadar, hovudsakleg etter helse- og omsorgstenestelova og pasient- og brukarrettslova
  • Gjennomføre kartleggingsbesøk og kartleggingsamtaler 
  • Fatting av vedtak og bestilling av tenester
  • Følgje opp og koordinere tenester for pasientar som er innlagde eller utskrivingsklare fra sjukehus
  • Behandle klagesaker
  • Delta i samarbeidsmøte og gi veiledning internt og eksternt
  • Bidra til likebehandling og effektiv ressursbruk gjennom fagleg god saksbehandling
  • Vere med på å utvikle kommunen og tenestene i tråd med nasjonale føringar og lokale vedtak

Kontoret er i stadig utvikling og har dei siste åra fått fleire nye oppgåver. Vi tilpassar og organiserer ressursane i tråd med utviklinga og behova i tenestene så endringa av oppgaver og innhald i stillinga kan bli aktuelt.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på bachelornivå, fortrinnsvis innan helse- eller sosialfag. Andre med relevant utdanning og erfaring kan òg bli vurderte
  • Erfaring frå saksbehandling innan helse- og omsorgstenester og kjennskap til offentleg forvaltning er ønskeleg
  • Relevant vidareutdanning er ønskeleg 
  • Gode norskkunnskaper samt god munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Gode datakunnskapar, gjerne kjennskap til dokumentasjonssystemet Profil
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi legg stor vekt på personleg eignaheit og ser etter deg som:

  • Har gode samarbeidsevner og ser løysingar framfor hindringar
  • Ser ressursar i menneske, ikkje berre avgrensingar
  • Tek gode faglege beslutnngar i samarbeid med andre
  • Kommuniserer tydeleg og tillitvekkjande til brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar 
  • Er trygg i eigen kompetanse og evner å fatte vedtak
  • Har høg arbeidskapasitet og handterer mange oppgåver samtidig
  • Er lojal mot vedtak, retningslinjer og regelverk

Vi tilbyr

  • Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø
  • Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit for fleksibilitet og heimekontor
  • Stor grad av tillit, ansvar og mulighet til fagleg utvikling
  • Opplæring og veiledning  ved behov

Kontaktinformasjon

Mari Nysveen, Tildelings- og bustadkontoret, +47 91629270

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5043096306
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Søknadsfrist: 14.12.2025