Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
I distriktet Ørskog, har vi ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar i heimetenesten. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg.
Heimetenesten består av heimebuande i distriktet Ørskog, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert ved Steinholt Busenter. I same bygg har ein både Dagsenter for heimebuande frå Skodje og Ørskog, samt omsorgsleiligheter.
Heimetenesten har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter, både ved Steinholt Busenter, men også Steinaplassen omsorgsbustader, som er lokalisert i same bygg som Ørskog omsorgssenter. Vi har eit tett samarbeid med Ørskog omsorgssenter.
Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krever høg fagleg kompetanse. Heimetenesten er opptatt av å yte gode og verdige tenester i brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.
I tenesten blir det nytta kommunale bilar som står under carport ved kontorbasen.
Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, osv.
Tiltreding frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.
- Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen).
- Legemiddelhandtering.
- Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
- Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar.
- Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som Helsefagarbeider (eventuelt fagbrev som hjelpepleier og omsorgsarbeider)
- Relevant erfaring er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala – CEFR)
- Beherske IKT-verktøy
- Førerkort klasse B
- Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
- Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
- Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
- Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm)
Personlege eigenskapar
- Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten
- Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
- Sjølvstendig og samarbeidsorientert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Nytenkande og endringsvillig
- Personlege eigenskaper blir vektlagt
Vi tilbyr
- Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Et støttende og engasjert kollegialt miljø
- Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
- Pensjonsordning i henhold til tariff
- Bedriftshelsetjeneste
- IA bedrift
Kontaktinformasjon
Maren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar Ørskog heimeteneste, 950 65 938, maren.langlo.kongsnes@alesund.kommune.no
Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Steinholtvegen
6240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5046696097
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2025