Gulen kommune
Om stillinga
Gulen kommune, for tida ved Miljøtenesta, har ledig i inntil 35% fast stilling som miljøarbeidar, frå etter avtale med einingsleiar. Denne stillinga er i utgangspunktet knytt til avlastingstenesta og har turnus med langvakter.
Miljøtenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand til brukarar i heile kommunen. Den som går inn i stillinga må tykke det er spanande og motiverande å yte bistand til ulike brukarar, samt trivast med varierande arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Legge til rette for og bistå brukarar med ulike funksjonsnivå i daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
- Følgje opp dei daglege rutinene
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar
- Kan delta på ulike aktiviteter, som til dømes; bading i basseng (inkl. å ta livreddarkurs), båtturar, gardsbesøk/arbeid osb.
- Førarkort klasse B
- Kommuniserer godt på norsk
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har, for tida, ekstra helgetillegg på 50 kr/time og løn utover tariff for kvalifisert tilsett som går turnus.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.