Ferievikar 2026 – Medisinstudent med lisens

  • Heltid
  • VOLDA, NORGE
  • 30. januar 2026

Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda har behov for medisinstudent med lisens i perioden f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 33.

Informasjon til søkjaren

Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.

Kvalifikasjonar

  • Medisinstudent med lisens
  • Må ha førarkort klasse B (personbil)
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
  • Fagleg interessert og lærevillig
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivst i ein aktiv og travel kvardag

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst

For meir informasjon om  vår region, sjå her.

Kontaktinformasjon

Solrun Brenk Rønning, Seksjonsleiar, Solrun.Brenk.Ronning@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5043698640
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2026