Vikar for lærarar og miljøarbeidarar i grunnskulane i Bømlo kommune

  • Deltid
  • BREMNES, NORGE
  • 30. desember 2025

Bømlo kommune har behov for tilkallingsvikarar for både undervisningspersonale (lærarar) og miljøarbeidarar (assistentar) i grunnskulane gjennom skuleåret 2025/2026. 

Kommunen må etter Opplæringslova § 17-7 leggja til rette for at skulane har tilgang på vikarar, og denne stillingsutlysinga vil fungera som ein «vikarpool». Vikarbehovet oppstår ofte på kort varsel og variera mellom skulane. Det kan òg bli aktuelt med tilsetjing i kortare vikariat. 

Om skulane
Det er åtte grunnskular i Bømlo. Fem av desse er barneskular, ein er rein ungdomsskule og to er kombinerte barne- og ungdomsskular. Storleiken varierer frå ca 75 elevar på dei minste skulane, til ca 350 elevar på dei største. Fleire opplysningar om grunnskulane og kontaktopplysningar finn du på skulane si heimeside: Skulane i Bømlo 

Søknadsprosess:
Me tek i mot søknader fortløpande. Du vil i søknaden få spørsmål om kva type vikarstilling (lærar/assistent) du søkjer og om du er interessert i kortare vikariat. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta av den einskilde skule då alle rektorane vil ha oversikt over inkomne søknadar. 

Arbeidsoppgåver

Lærarvikar: Undervisning i ulike fag på alle trinn i grunnskulen.
Miljøarbeidar: Følgje opp elevar i skule, og ha ansvar for gruppeaktivitetar på SFO.

Kvalifikasjonar

  • For stillingane som lærarvikar og miljøarbeidar søkjer me høvesvis etter kvalifiserte lærarar og fagarbeidarar innan helse og oppvekst. Andre med relevant utdanning, fagkompetanse eller erfaring kan òg vere aktuelle. Me vil særskilt oppmode studentar i lærarutdanning til å søkje. 

Personar som ikkje fyller kompetansekrava kan òg vere aktuelle som tilkallingsvikarar.

  • Gode norske språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg, er nødvendig.

Personlege eigenskapar

  • Trygg og tydeleg i møte med barn og unge.
  • Gode samarbeids- og formidlingsevner.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • Raus og fleksibel.

I vurderinga legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon.

Me tilbyr

  • Varierte og meiningsfulle oppgåver i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Tilbod om medlemskap i velferdsklubb med tilsettegoder.
  • Løn og vilkår etter gjeldande avtaleverk.

Andre opplysingar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Offentleg søkarliste vert oppretta. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast (Offentleglova § 25).

Høyrest dette ut som noko for deg? Send søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga, kontakt rektorar på dei skulane du ynsker å vera vikar på.

Kontaktinformasjon

Maryann Kristiansen Steinsbø, Rektor v/Gilje skule, 992 77 987
Olaug Norenes Hovda, Rektor v/Våge skule, 404 64 340
Torunn Hatlevik , Rektor v/Hillestveit skule, 934 61 743
Tone Osestad Baugstø, Rektor v/Rubbestadneset skule, 990 34 994
Katrine Hausberg, Rektor v/Meling skule, 958 35 391
Joakim Lund, Rektor v/Moster skule, 930 08 438
Kari Østensen, Rektor v/ Svortland skule, 993 86 606
Christin Klubben, Rektor v/Bremnes ungdomsskule, 957 74 456

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5040553570
Stillingsprosent: 0%
Vikar

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted